tysdag 1. juli 2008

Draumekrøniker, del 2 - Swan Swan Hummingbird

Denne novella er også ei blanding av fleire draumar - to, for å vere nokolunde nøyaktig - og eg har her valt å setje meir fokus på det springande, det uoversiktlege i draumar. Songen som vert framført - like oppdelt som samanhengen mellom draumesekvensar - er Swan Swan H av R.E.M., tittelen på novella er kva songtittelen eigentleg burde ha vore, i alle fall slik R.E.M.-bassist Mike Mills meinar det. Eg drøymde ikkje songen i sin heilskap, men eg har teke meg den fridom å setje den inn for å sprite opp forteljinga.

Swan, swan hummingbird

Det er nokon som syng.

Hurrah, we are all free now

Rytmen er litt stakkato. Eg kjenner han godt, ein gamal kamerat. Men han syng feil, det er ikkje slik det skal gjerast. Best eg tek over.

What noisy cats are we, girl and dog he bore his cross

Dette høyrest betre ut, mykje betre. Kva ville Michael Stipe ha sagt? Eg har då spelt i band med han, ein gong. Var på åttitalet, då Michael hadde litt for langt hår og brukte solbriller litt for aktivt. Vi song Don’t go back to Rockville medan Peter spelte gitar og Mike sat og småflirte med bassgitaren sin, eller gjorde han det? Jau, han var der han og, det var berre Bill som ikkje var der. Kvifor det? Bill slutta då ikkje før i, var det -97?

Swan, swan hummingbird

Men no hugsar eg feil, dette har ikkje hendt, det er berre ein gammal draum.

Kvar er eg no? Eg har vore her før, eg veit kvar det er, men er det verkeleg her eg er? Neppe. ”Ja, eg har blogg,” svarar eg. Ho smiler, seier eit eller anna, eg oppfattar kva det er, men eg hugsar det ikkje. ”Men eg er eldre enn deg,” seier eg, med trykk på ”er” for å forsikre henne om at det verkeleg er slik, og ansiktet hennar lyser opp, som om det har alt å seie at eg er eldre enn henne. Ikkje at det er sant, for eg er ikkje eldre enn henne, men kva anna skulle eg seie? Var eg klar over at eg laug då eg sa det?

Hurrah, we are all free now

”Eg treng litt hjelp,” seier ein. Eg kjenner han ikkje, ser ikkje ansiktet hans, det er gøymt bak ein hatt, eller er det ein caps?. ”Det er ein krig litt lenger oppe.” Krig? I Hyen? Kven krigar mot kven? Kva ville Michael Stipe ha gjort?

Long low time ago, people talk to me

Eg har ikkje tid, eg må køyre traktor. Treng meir grus. Men korleis styrer eg denne då? Og korleis skal eg manøvrere skikkeleg? Gjerdet er i vegen, kven har sett det opp?

Johnny Reb, what’s the prize of fans? Forty a piece or three for one dollar

Vi har quiz. Vi skal gjette kven han tenkjer på, ut frå små hint. Personar på Firda. Heile klassen er samla. Men kva gjer han her då? Han har då ingenting med Firda-klassen å gjere, han høyrer heime på Hyen kombinerte barne- og ungdomsskule. Mystisk. Eg seier eit namn, og eg har rett, seier han. Men eg veit eg har teke feil, for eg veit ikkje om nokon som heiter det i verkelegheita, namnet har eg lese i ei bok – Priseld av Rune Timberlid. Eigentleg tenkte eg på ei anna, men eg kom ikkje på namnet hennar, det likna i alle fall. ”Eg er imponert,” seier han, og ho ved sida av meg lurer på korleis eg klarte det, med ei stemme som famnar om både misunning og undring. Eg smiler og røper ikkje noko, eg kan då ikkje røpe at eg har teke feil.

Hey captain, don’t you wanna buy some bone chains and tooth picks?

”Eg er lei av dette no,” seier ho lavt og ampert til meg, men raseriet er retta mot læraren, som ikkje høyrer heime på Firda. ”No tar vi det alfabetisk,” seier han og fortel dermed at vi skal halde fram, berre på ein litt annan måte. Ho seier noko, umogeleg å høyre, men kroppsspråket fortel det som trengst, måten ho knyter nevane og legg seg over pulten på. Håret fløymer utover som ei overivrig elv etter å ha brote ei demning, like frustrert som ho sjølv.

Night wings, her hair chains

Han seier noko, men vi har for lenge sidan slutta å høyre etter.

Here’s your wooden greenback sing

Kva meir?

Wooden beams and dovetail sweep, I struck that picture a ninety times I walked that path a hundred-ninety

Vaknar eg no?

Long low time ago, people talk to me

Pistol hot cup of rhyme, the whisky is water, the water is wine

Ingen kommentarer: