fredag 16. januar 2009

I relive the situation - still see it in my mind

You got my imagination
Working overtime


Slik sluttar You and Your Friend av Dire Straits, sjette songen i siste studioalbumet On Every Street. Eg høyrde vel denne fyrst som fjortenåring jula 2002, om eg hugsar rett, og har såleis vore kjend med songen ei god stund, men det var ikkje før heilt nyleg eg forstod kor fantastisk herleg denne songen eigentleg er. Det var ei av desse openberingane som av og til kjem medan ein er i grenselandet mellom svevn og vaken tilstand, og det var ei regelrett nydeleg openbering.

Det heile startar mørkt med ein gitarintro som seinare glir over i Mark Knopfler sin om lag like mørke vokal, ein vokal som på denne songen er slørete, utydeleg og som derfor høver heilt perfekt til gitaren. Mogelegvis er dette ein av grunnane til at songen tok meg så sterkt medan eg halvsov, for songen er og blir dunkel, og same kor mykje gitarane skjer gjennom med riff som får ryggrada til å sitre, så vert det skapt ei draumetung atmosfære når songen vert spelt, ein song som umiddelbart skapar bilete av haustmørkre, einsemd, melankoli og vonbrot når eg let att augo og gjev meg sjølv over til musikken si hypnotiske makt.

Will you and your friend come around
Or are you and your friend gonna get on down

Will you and your friend come around
Or are you and your friend gonna let me down

Det heile startar enkelt. Det er langt ifrå dei same episke tendensane som vi finn i Brothers in Arms eller Telegraph Road, det er noko meir jordnært, noko usminka som går rett på sak med eit daglegdags og ukomplisert språk. Isolert sett utmerkar ikkje teksten seg på nokon spesiell måte, men når gitarriffa kuttar gjennom det mørkret som omkransar melodien og Mark Knopfler sin slørete vokal leikar fjernt i den nattlege verda songen skapar, då skapar musikk, ord og røyst ein mektig konstellasjon av rein nyting. Dette kallar eg Knopfleresque.

If you talk to one another
I'm a hungry man
Let me know one way or the other

So I can make my plan

Enkel, ja vel, men på ingen måte kunstig kva setningsoppbygnad og ordval gjeld. Det heile flyt som ein skoddestraum gjennom medvitet og set seg der, og musikken gjev attljom i hjernen lenge etter den har slutta. Det er noko bydande i introen, i orda, i røysta som eg ikkje klarar å oversjå, noko bydande som grip tak i meg og held meg fast, og eg vandrar mentalt i dette haustmørkret songen manar fram.

Will you and your friend come around
Or are you and your friend gonna get on down

Will you and your friend come around
Are you and your friend gonna get on down

Eg får ei kjensle av avmakt og håpløyse når songen kjem til andre verset, og det er noko i det repetitive som forsterkar dette. Vi får alt i alt vite veldig lite om denne personen som syng, men det er heilt klart at han held på å gje opp, og di nærare han er å gje opp, di meir bydande, meir påtrengande og meir gripande vert songen. Den heftige, bedande tonen i gitaren etter siste refreng forsterkar det håplause, og det framstår eigentleg ganske klart at han - eller ho - ikkje vil få vitjing, slik vedkomande hadde håpa på. Eg-personen har no gjeve opp å spele på sympati, han appellerar ikkje ved å seie "or are you and your friend gonna let med down," men spør nøkternt, dystert og repetitivt "are you and your friend gonna get on down."

I relive the situation
Still see it in my mind

You got my imagination
Working overtime

Baby baby

Så byrjar det sakte men sikkert: Gitaren skjer klagande kjennom mørkret som for å freiste det orda ikkje klarte, nemleg å overtyde. Frustrert og frenetisk gjer gitaren så godt den kan, før den forsvinn inn i stilla og vert borte. Så sit eg igjen etter at melodien har døydd ut og den spelar framleis i hjernen min, som eit ekstranummer, som eit godt minne eg ikkje vil verte kvitt, som ein perfekt song. Og det er nettopp det den er: Ein perfekt song som på ein ikkje altfor lågmælt måte oppsummerar Dire Straits. Gjennom kombinasjonen av den tilsynelatande enkle teksten og det forheksande, mørke gitarspelet, møtest det opphavlege og det seinare Dire straits i ein og same song, og det kan ikkje gjerast betre.

måndag 12. januar 2009

Marsyas

Bileta nedanfrå er frå Kapitolmuseet i Roma og syner Marsyas. Marsyas var ein satyr frå gresk mytologi, som var svært dyktig til å spele fløyte, så dyktig at han utfordra guden Apollo til ein spelekonkurranse. Apollo vann og Marsyas vart flådd levande og bunden til eit tre med si eiga hud. Dette som straff for hybris - overmot, som fekk satyren til å setje seg opp mot Apollo. Dei interesserte oppfordrast til å lese Charles G. D. Roberts (1860-1943) sitt dikt kalla Marsyas. Nedanfor er to dikt om denne legenden, tittelmessig ikkje stort meir fantasifulle enn Roberts sitt.






Marsyas

Now has silenced followed clatter
And the day has come to end;
Soft wailing from the satyr
On the wound that never mends
Is the only sound that rises
By the cypress and the sedge,
Cursing hubris, worst of vices,
At the dark nocturnal edge.







Triumph of Apollo


Now his wooden flute lies broken
In the gathering of dark;
Not a single tune is spoken
Save the mournful chant of larks;
Mellow humming, a reminder
Of the songs there played of old,
Rarely was Apollo kinder
Than here in this story told