fredag 25. desember 2009

Bacon's Brazen Hed

Det er i desse konspirasjonsdagar ein aukande fascinasjon for meir eller mindre urealistiske og usannsynlege samanhengar baserte på reine tilfelle. Som førebels siste ledd i denne rekkja finn vi ei revitalisering av teoriane som hevdar Francis Bacon skreiv Shakespeare sine skodespel, basert på tvilsame reglar og ein stor porsjon godvilje frå teoretikarane si side. Eg skal her ikkje gå nøye gjennom dei påståtte bevisa som vi har fått presentert, jamvel om det er sterkt freistande, men eg vil kome med ein kort kommentar i verseform til slike aktivitetar. Sonetten er etter spenseriansk mønster og språket er gjort arkaisk for å få ei litt meir historisk stemning.




Bacon's Brazen Hed

The eyes and mindes with truthe dissatisfied
Must complex and clandestine schemes construe,
And stories weaue were lighte with shadows vie,
Truths darker and much deeper to pursue;
Some spinne the yarns of olde, some spinne the new,
They dye with detailes as they can deuize
To more align with what they holde as true,
Some thinke it reale while others know the lies;
They claime to haue discouered what the eyes
Of ordinairie folke could not discerne,
To haue unearthed ancient enterprize
Through seeing codes where plaine speeche haue been learned,
And who, throughe absente words in stone haue red
That Shaxebearde merely proues a brazen hed.
- 10. - 23. desember 2009




Forklåringar

Brazen hed: Syner til eit orakel laga av bronse som, i følgje ein versjon av ei legende, skal ha blitt bygd av matematikaren Roger Bacon og teologen Thomas Bungay etter instruksjonar funne i eit gamalt manuskript. I dette diktet syner det til tanken om at William Shakespeare i praksis var ei fasade konstruert av Francis Bacon.