Her i vår del av verda, jobbar vi ut frå den lineære tidsoppfattinga, altså at tida har ei byrjing og ein slutt (ofte omtala som apokalypsen). Ikkje alle stader er dette like utbreitt, til dømes i det austlege Asia og spesielt innan buddhistisk og hinduistisk tenking. Der vert tida sett på som eit hjul, og hendingar gjekk i stadige syklusar. Alt som hende, hadde hendt før og ville hende igjen. Denne filosofien har også vore formulert i andre baner, og då tenkjer eg spesielt på Niccolo Machiavelli.
Machiavelli er vel mest kjend for sine samvitslause dogmer om statstyre publisert i Fyrsten, og sjølv om dei omtala dogmene offisielt ikkje vert sett på med gode auge her i vesten, så står det ikkje til å nekte at ei mengd statar har vore og er framleis ganske machiavelliske i sine handlingar. At staten har rett til, ja nærast pliktar til, å myrde, bestikke og på alle måtar sørgje for eit land sitt ve og vel, er grunntesen i Machiavelli sin filosofi.
Kva er så likskapen mellom buddhistisk tenking og Machiavelli? Jau, Machiavelli var jo så å seie statsvitar, og han la fram diverse teser og teoriar i kring det å styre ein stat. Hans samtid, Italia på 1400-talet og byrjinga av 1500-talet, var ei politisk heksegryte av intriger, og dette er viktig å hugse på når ein les Machiavelli.
For Machiavelli var tida, eller meir konkret statsutviklinga, noko som gjekk i syklusar. Aller fyrst kom monarkiet, så tyranniet, så anarkiet, og deretter byrja syklusen opp att. Dette synet er utvikla ved historiske studiar, der Machiavelli hadde lagt merke til at fyrst kom ein konge, han var ein helt og godt likt. Etterkomarane hans ville utvikle seg til å bli tyrannar, til folket ein dag gjorde opprør og innføre anarki. Deretter ville ein mann ordne opp og utrope seg til konge att, og syklusen ville byrje på nytt. Tankane til Machiavelli er særs interessante, og ein treng ikkje å setje pris på mannen for å vere einig. Sjølvsagt er dette ei generalisering, og denne bloggposten er ikkje nok for å gje eit godt grunnlag for å forstå Machiavelli, men til liks med dei fleste generaliseringar, har denne ei kjerne, eller utgangspunkt om du vil, av sanning.
Og dette er igjen ein av grunnane til mine eigne haldningar til monarkiet. Den fyrste kongen var ein helt, men etterkvart vil kongerekkja verte korrumpert av intriger og den maktsjukdomen som ei liv i vellyst og makt skapar (ta Ghana sin frigjeringshelt Kwame Nkrumah som eit døme), og følgjeleg vil folket lide under eit monarki. Tradisjonelt i alle fall. Innan det vestlege monarkiet finn ein også fleire dømer på at kongar vert marionettar, halvgalne, innavla og på mange måtar uskikka til å lede eit land. Men Machiavelli var ikkje av dette synet, for han meinte monarkiet var ein god ting. Etter kva som står å lese i Fyrsten, så var Machiavelli derimot ein motstandar av demokratiet, då han meinte at dette ville skape kaos. Og når vi ser tilbake på hans samtid, så er det ikkje noko rart at Machiavelli hadde dette synet.
Kjelder:
http://www.ctbw.com/lubman.htm
Vestens store tenkere - Trond Berg Eriksen
laurdag 10. mars 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
NJa.... no veit eg at eg og du er grunnleggjande usamde når det kjem til spørsmålet kring monarkiet.. For som du seier; utifrå Machiavelli si samtid så vert det logisk at monarkiet kanskje ikkje alltid var like fordelaktig (såg filmen Alexander i går, om Alexander den Store, og han var ikkje heilt god). Eit typisk døme på ein konge som gjekk frå å vere helt, til til slutt å verte (seier soga) myrda av sine eigne statsmenn fordi han tok seg vatn over hovudet i sin søken etter å verte den nye Akilles.
Men elles in real time, tykkjer eg monarkiet har framifrå mykje føre seg. med fare for å verte litt for nasjonalistisk, tykkjer eg det er gøtt å ha ei slags "samlande makt" som kan representere Noreg sine verdiar frå ein ikkje-politisk ståstad, ein "overnordmann" om du vil. Greit nok at det er tvilsomt at dette er ein tittel som skal arvast, men slik Noreg sitt kongehus ser ut i dag, har vi ingen grunn til å skulle innføre til dømes ein republikk, som i mine auge er ein styggjedom, fordi dette gjer at ein opphøgar ein figur i den politiske verda til den statusen kongen har som "overnordmann". Farleg kombo!! Så diføre tykkjer eg det er greitt å dele makta i to: ein ikkje politisk representativ del, og ein administrerande del.
SO det so!
Bra post, forresten.
Takk.
Eg er jo fullstendig klar over våre i utgangspunktet ulike haldningar til monarkiet. Men så lyt eg presisere at dette gjeld monarkiet som institusjon, altså generelt. Når det gjeld det norske monarkiet, så er eg, sjølv om eg i utgangspunktet ikkje likar styreformen, positiv til vårt kongehus, nettopp fordi dei er slik dei er. I Sverige har vi ei heilt anna sak, men så står også kongehuset svakare der enn i Noreg.
Tanken om at å styre eit land er ein arverett (altså tanken monarkiet bygger på) er eg sterkt i mot, fordi eg ikkje ser på det som riktig eller rettferdig. Men når det er sagt, så har ikkje demokrati alltid noko for seg heller. John Locke meinte til dømes at folket ikkje var kloke nok, til liks med det Hobbes hadde sagt tidlegare. For som Machiavelli dreg fram, er det berre helten som vert godt likt og derfor har legitim rett til makt. Etterkomarane hans, degenererte og maktsjuke, har ikkje same retten.
Så skal det også seiast at kongedømmet Noreg er ei symbolsk sak, og følgjeleg blir det å protestere mot det norske monarkiet tilsvarande symbolsk.
Kva republikk gjeld så er eg ikkje heilt samd i det du seier. Jau, eg er einig i at den amerikanske modellen som du viser til, altså at ein mann har både administrativ og representativ rolle, ikkje nødvendigvis er bra. Men hugs på at der finst republikkar som har klart dette bra. Tyskland, Frankrike etc. Og ein norsk republikk ville jo dessutan føre til at kongen ikkje vart president, men ein vanleg nordmann. Men igjen, det norske monarkiet av i dag, tykkjer eg er i orden, fordi vi har slike folk som vi har. I motsetnad til kungen i Sverige.
Legg inn en kommentar