Viser innlegg med etiketten Draumar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Draumar. Vis alle innlegg

laurdag 26. september 2009

Draumekrøniker, del 6 - Commodus

A shout that tore Hell's concave, and beyond
Frightened the reign of chaos and old night

- Paradise Lost, John Milton

The mass, whether it be a crowd or an army, is vile.
- Benito Mussolini


Only I can turn this country around.
- Silvio Berlusconi



Cigarillo?
Ja takk.
Eg tek imot den stinkande tobakkspinnen og tek eit drag. Dei vintermørke gatene i den sicilianske byen – Palermo? Siracusa? – er opplyste av faklar og fylde av støyen frå rasande demonstrantar. Med ville skrik og demoniske rytmer hyttar dei med våpna sine mot himmelen, som i eit trugsmål mot Gud. I ekstatisk polyfoni, som djevledyrkarar i transe, skrik dei ut misnøyen utan at nokon klarar å høyre kva dei eigentleg skrik eller kva dei er misnøydde med. Eg kjenner meg som Dante; mannen ved sidan av meg kjenner seg som keisar Commodus. No byrjar demonstrantane å kaste isklumpar mot rådhuset; ein plakett ved inngangsdøra har allereie vorte skoten på. Dette er Pandemonium, dette er smådjevlane sitt opprør mot Lucifer.
Ein fjernsynsreportar intervjuar ein sjølvutnemnd leiar av opprørarane og eg får på eit vis vite kva saka dreiar seg om. Vi nektar å godta at regjeringa ikkje lenger tillet dobbeltnamn! skrik intervjuobjektet, og illustrerar poenget med å ytre sitt eige namn gjennom ein serie dårleg artikulerte lydar. Det er fullstendig mogeleg å høyre kva han seier, men det er like umogeleg å få noko meining ut av det. I alle tilfelle, det er no forbode å heite Giovanni-Francesco, forstår eg, og den svarte massen av demonstrantar talar så altfor tydeleg om responsen på lovforslaget.

Var det verkeleg naudsynt?
Ja.
Han smiler, men seier ikkje meir; han er altfor oppteken med ei ung, vakker kvinne som no har dukka opp ved sida av han. Ho er i tjueåra, lettkledd – trass i at det er midt på vinteren – og heiter Lucrezia eller noko slikt. I bakgrunnen skimtar eg eit haleheng av andre kvinner. Dei er om lag like lettkledde, i same alder, men truleg med andre namn. Eg minnest bakkatinnene som følgde Dionysos i ville orgier, men kvar er satyrane? Eller er mannen ved sidan av meg satyr nok for dei alle? Kva kan eg seie, seier han plutseleg, eg er ein vulkan: Vill, farleg og upåliteleg. Eg er uviss på om metaforen skal dekkje hans rolle som politikar eller kvinnebedårar – kanskje begge – og eg lurer på om han har gløymt at det var Mars, ikkje Vulkan, som var elskaren til Venus. Lucrezia ler og let seg kjærteikne, medan ho seier nokre ord eg freistar å ikkje oppfatte.

Mannen med det uforståelege namnet, plukkar opp ein brustein og slenger den i eit rådhusvindauge. Glaset landar tett attmed meg, jamvel om både steinkastaren og eg står på andre sida av gata. Eg bøyer meg ned, plukkar opp ein glasbit og tenkjer uff. Det er folkemengda som er vulkanske, ikkje Silvio; kanskje dette vil verte eit nytt Vesuv? Som ein sjølvutnemnd keisar – og det er i alle tilfelle ingen andre som har utnemnd han – står Silvio midt i folkehavet av senatorar frå Orcus og kosar med tjueårige jenter. Kor mange av dei er undertøysmodellar, tru? Og kor mange er plukka opp frå fattigdom? Korleis klarar du det, spør eg Lucrezia, som no har vorte erstatta med ein raudhåra subsitutt. Ho smiler. Eg skal verte likestillingsminister, seier ho, som om det er grunn god nok. For henne er det vel kanskje også det. Eg ser vekk og kjenner meg nedstemd.

Du minner meg om Commodus.
Eg er Commodus.
Han smiler, men verkar for å meine kva han seier. Det er heilt naturleg for ein mann å syne virilitet. Særleg når han er så viril som meg, legg han til etter ein kort pause. Commodus hadde 300 konkubiner og 300 unge gutar, gjeld det same for Silvio? Etter Lucrezia å døme kan det verke for det. Eller er det Rodorigo Borgia han liknar mest? Plukkar Lucrezia rista kastanjer i Silvio sin villa? Det var Lucrezia – vert det sagt – som forårsaka monarkiet sitt fall i 506 f.Kr. Vil Lucrezia forårsake Silvio sitt?

Hordane av misnøgde sicilianarar berre aukar. Dei dreg stråfigurar ut i gata, figurar dei har festa bilete av Silvio på, og set fyr på dei medan dei ropar morte a Silvio eller noko i den leia. Silvio ler. Ikkje fordi han tykkjer stråfigurane er morosame, men fordi ei blond kvinne kilar han på halsen. Han ser opp og legg merke til mitt bekymra blikk. Ta det med ro, seier han. Dei vil ikkje gjere meg noko. Dei elskar meg. Dessutan, eg er Commodus, eg kan hamle opp med denne mobben eigenhendig. Når alt kjem til alt drap Commodus over tusen menneske på arenaen. Ja, tenkjer eg med meg sjølv, han hevda så. Men kva slags menneske – og i kva tilstand dei var i – vert ikkje nemnd.

Har du fyr?
Nei.
Lucrezia står attmed meg med ein sigarett mellom høgre peike- og langefinger. Synd, svarar ho og plasserer den mellom raudmåla lepper. Du er ikkje redd, spør eg medan eg gestikulerar mot folkemengda. Dei har no reist ein galge, og dei har ikkje nokon stråfigurar å henge. Nei, svarar ho, men ho seier ikkje noko om kvifor ho ikkje er det. I mellomtida har Silvio valt ut ei kortklipt blondine, han stryk henne over høgre skulder. Lat dei rase frå seg, seier han. Det er eg som styrer dette landet. Styrer han verkeleg landet? Eller freistar han hindre eit vulkanutbrot ved å setje seg i opninga? Rådhuset brenn, strådokkene brenn og om folket får tak i Silvio brenn dei kanskje han også. Vil dei brenne meg? Eg snur ryggen til og ser skuggar danse på veggen framfor meg som i eit arkaisk ritual.

Ein av skuggane kjem bort til meg. Den stammar frå ei kvinne, verkar det for; ei korpulent, stuttvaksen kvinne; ho hadde neppe vorte utanriksminister under Silvio. Kva er vitsen, spør eg. Vi skuggar fødast av eld, svarar ho. Berre ved elden kan vi kome til liv. Eg føler at eg ikkje heilt har fått svar på spørsmålet. Men kvifor? Fordi det er på tide, svarar kvinneskuggen og kvervar i andre skuggar.

Er du ikkje redd massen?
Massen er fæl, men den elskar meg.
Han kjærteiknar ei svarthåra kvinne og lovar henne eit sete i EU-parlamentet. Ho vil ta seg betre ut enn gamle, feite politikarar. Og ho har erfaring, poengterar han medan han plasserar handa så nær det høgre brystet hennar at det verkar som ei lite subtil understreking. Ho kniser og vrir seg småkokett i grepet hans. På den andre sida av gata får flammane styrke og stig høgare til vers. Skuggen til Silvio vert festa oppetter veggen bak han, og plutseleg er det ikkje lenger hans skugge, men skuggen til ei korpulent kvinne som syner seg i staden. Den svarthåra kvinna gispar av skrekk. Ho vrir seg ut av grepet hans og legg på sprang nedetter den snødekte gata. Flammane stig endå høgare, og den korpulente kvinneskuggen knyt seg til Silvio slik hans eigen skugge eingong gjorde. Bakkatinneflokken merkar endringa og trekk seg ut i mørkret der skuggane enno ikkje har rive seg laus frå natta.

Demonstrantane trekkjer seg unna dei også, det er ikkje lenger noko behov for dei. Så byrjar det å regne kraftig. Elden døyr, fyrst sakte så raskare og med elden døyr også skuggane. Dei trekkjer seg saman med nattemørkret, og med dei også Silvio, for Silvio har mist skuggen sin og er no i makta til ein heilt annan skugge. Han skrik i det han oppdagar det, men han har inga eiga makt lenger; han kvervar bort i det mørkret nokre seier han eingong kom ut av. Så vert berre lyden att. Ekkoet – som lyden sin skugge – kvervar sjølv sakte mellom husa og svinn i nattemørkret.

fredag 21. august 2009

Draumekrøniker, del 5 - Enclosing the Loved World

In the beginning was the Word, and the Word was with God, and the Word was God.
- John I.I

Ah, distinctly I remember it was in the bleak December,
- The Raven, Edgar Allan Poe

It's the language's desire to enclose the loved world in its arms.
- Omeros, Derek Walcott


Desembermørkret ligg kaldt og trykkjande kring oss der vi sit. Eg har nett oppdaga at eg har eksamen dagen etter, men vi veit då alle at det er for seint med pugging klokka elleve om kvelden. Dessutan er eg ferdig med resten av eksamenane; til helvete med denne, kva fag det enn er. Men eg skal då alltids klare å kome meg opp, berre eg kjem meg i seng snart. Snart. Men det er då slik eit relativt omgrep, og dessutan er det kaldt på Dragvoll denne tida av året. Derek Walcott sit ovanfor meg og nektar å gje autografen sin, medan han snakkar om si komande diktsamling og om språket sine ynskje; som om språket har fri vilje, som om språket er eit vesen. Kan også språket frelsast? Kva ville Pelagius ha sagt om det? Men det er for seint på døgeret til at eg orkar å jage verbale kynoskefali, og eg høyrer på med halvt attlatne auge medan eg opplever Fallet på nytt.

Tårnet var det tredje fallet. Fyrst fall Adam og Eva frå uskulda, så fall Abel daud til jorda, så fall Babels tårn. Skal eg også falle? Vil eg i så fall vakne? Derek Walcott talar framleis, som om han freistar samle dei spreidde tungemåla i ein ordflaum, eit lappeteppe vevd av ord frå ulike språk. Vil han klare å lære fuglespråket også? Ich hab' keine Ahnung wie es ist, but I should expect it to be all for the best, after all es el siglo del oro, por el rey y la reyna vamonos a la guerra; arma virumque cano. Mon pere est mere et mon frere est masseuse. To hell with it. Eg ler som om eg forstår vitsen, men Derek nektar framleis å skrive autografen sin. Men du meinar det verkeleg, spør eg, og han bekreftar at, ja, språket sitt høgste ynskje er å omslutte verda det har kjær. Klokka nærmar seg stadig tolv; dette vert ei lang natt. Eg vrir og vender ord i hovudet medan snøen dekkjer verda meir og meir. Kanskje vil også snøen omslutte verda den har kjær? Berre så synd at den skal vere så begeistra for akkurat denne delen.

Kjem vi nokon gong tilbake til opphavet, spør eg. Om du vil tilbake til opphavet, fortel ein figur eg ikkje har sett før, så lyt du gå stega tilbake, oppsøkje orda sine utviklingar og slik kome til språket sin barndom. I opphavet var Ordet, og det er det opphavet alle menneske søkjer. Er det vanskeleg, spør eg. Umogeleg, svarar vedkomande, men vi lyt alle ut på ei større reise før eller sidan. Då tårnet fall vart det menneska si oppgåve å spreie språket, det var berre slik språket kunne omslutte verda Gud elska, fortel han, og forsvinn i desembernatta. Det er sant, skyt Derek inn, alle må på ei reise før eller sidan. Berre tenk på Odyssevs, berre tenk på Menelaos. Trojas fall skuldast ei setning Helena aldri gav sin ektemann: Eg elskar deg. Og også Troja fall til liks med Babels tårn. Men, byrjar eg, ord som byrjar krigar kan då ikkje vere av kjærleik? Du tek feil, seier ei kvinne kledd i blodut khiton og med eit diadem på hovudet. Ord av kjærleik startar ofte krigar, for kva den eine elskar, ser den andre seg stundom nøydd til å hate.

Makta ligg ikkje i sjølve orda, men i språket, for orda er menneskeskapte og omskiftelege; orda vert vrengde ut av form innan kort tid, men den som kontrollerar språket er mektig. Ahasverus er den mektigaste mannen, får eg påpeikt, for han har vandra verda sidan Kristi tid, og ingen kjenner språket betre enn han. Var det kanskje derfor han vart dømd til å vandre og aldri døy, spør eg. Mogeleg, får eg til svar, og Derek nikkar samd der han sit. Kven kan hevde at Ahasverus vart fordømd, held kvinna fram. Har ikkje han fått større lukke enn nokon annan? Men eg har då i det minste sett Agamemnon sitt andlet, avsluttar ho malapropos og svinn i skuggane.

Språket vert degenerert, seier ein og tek seg ein slurk kaffi, noko som er umogeleg på Dragvoll etter klokka fem. Lydar forsvinn og ord vert delte. Slik skal det ikkje vere, understrekar han og set kaffikoppen på asjetten med eit smell. Vielleicht ist es nicht besser, pero creo que las palabras son necesitos para the general well-being of things, you know. Semper fidelis! Salaam aleykum, aleykum ya salaam, shalom. Skrid ad Helvede ad. Det heile endar i eit babel eg ikkje klarar halde styr på, og eg ser at det er eksamen om mindre enn ni timar. Til helheim med det, eg har ikkje tid; ikkje no når auga sym i mental skodde og røynda verkar mindre handfast enn nokon gong tidlegare. Kan vi eigentleg vite at vi eksisterar, spør plutseleg Rene Descartes med eit smil om munnen. Ja, svarar eg, for vi har språket, og om vi ikkje eksisterar kan heller ikkje språket eksistere. Men, held han fram, korleis veit du at språket ikkje berre er ein draum? Vi tenkjer i bilete, svarar eg, medan vi talar i ord; og om alt var ein draum kunne eg ikkje bede deg dra til gehenna slik eg nettopp gjer. Smilet svinn frå munnen hans, og han dreg av garde for å utkjempe ein ny krig. På sett og vis tok han meg altså bokstaveleg. Eg angrar med det same, eg likar han eigentleg betre enn eg gjev uttrykk for, men det er hans meditasjonar som lyt skrivast ned, ikkje mine. Terrorist eller fridomskjempar? Språket omfamnar begge desse, det er opp til oss menneske å bruke dei og det gjer vi då også. Gjerne om ein annan.

Floccinaucinihilipilification, floccinaucinihilipilification, floccinaucinihilipilification, messar ei kvinne med tjukk russisk aksent og syner kor arbitrært språket kan vere; eit leiketøy i hendene på alle menneske, høgst biletleg tala. Vi andre seier ikkje noko, kven no enn “vi” er i denne samanhengen, kanskje fordi vi tykkjer det er sjølvsagt, kanskje fordi vi ikkje kjem på noko fornuftig å seie. Kva språkfamilie stammar baskisk frå, spør eg, og det er det ingen som veit.

laurdag 14. mars 2009

Draumekrøniker, del 4 - Après moi - le déluge.

Dette er ikkje ein samanhengande draum, men ein narrasjon basert på minst tre ulike draumar. I tillegg har eg dessutan dikta vidare på dette grunnlaget, og tyngda av teksten er sett saman i vaken tilstand.



And the rain was upon the earth forty days and forty nights.
- Book of Genesis 7.12

I do set my bow in the cloud, and it shall be for a token of a covenant between me and the earth.
- Book of Genesis 9.13.

Après moi - le déluge.
- Louis XV av Frankrike (1710-1774)


“Kaffi i kantina?” spør eg på ein uanstrengt måte med hovudet litt på skakke. Ein annan kar dukkar opp, går mot oss og spør “skal vi gifte oss?” Han meiner sjølvsagt ikkje meg, og det verkar som ho finn tilbodet tiltalande. Hadde eg berre kome i hug å spørje om det sjølv; eit ekteskap verkar sikkert alltid meir fristande enn ein kantinekaffi. Men har ikkje han kjærast allereie då?

I Trondheim er det for tida vinter, og eg spring gjennom dei snødekte gatene med nokon etter meg. Anar ikkje kven det er, men så er det då visse ting ein ikkje treng å finne ut av. Eg snåvar i snøen og dett, kjem meg oppatt og spring vidare, spring under byggestillas attmed Stiftsgården. Klokka er sikkert fem, for det er i alle fall mørkt nok til det, og sjølvsagt er det desember. Alt anna er utenkjeleg. Så ser eg ein annan som spring. Også han dett, men vert teken att av dei forfølgjande. Dei held han fast til den isdekte gata og ventar på ein liten truck. Trucken køyrer over skuldra hans, men han seier ikkje eit ord. Det gjer derimot leiaren, for medan skuldra vert knust skrik leiaren: “Hugs 29. mai 1453!” Pussig. Etter at trucken har forsvunne i Trondheimsnatta, går eg bort til han og får han med meg vidare. Til å vere ein mann med knust skulder, går han som ein mann med dårleg kne.

Palau er ein mykje betre stad å vere, det oppdagar eg raskt. Men øybuarane kjenner seg litt truga, og det er ikkje av Kalle Klovn, men ei kvinne som kallar seg Uthnapishtim. Ho går i kring på øyane med ei kutte over hovudet og ser generelt skummel ut; ikkje som Kalle Klovn. Visste du at hovudstaden heiter Melekeok? Før var det Koror, men dette bryr ikkje Uthnapishtim seg om. Og kvifor ta namnet frå ein figur frå eposet Gilgamesh? Kvifor namnet til ein sumerisk Noah? Kanskje ventar ho på ei ny flod? Hugsar ho ikkje at Gud lova Noah at det ikkje skulle kome fleire – vi har då regnbogen. Kanskje ho ikkje trur på Gud.

Babylon, tårnet i Babel, øya Babeldaob i republikken Palau, er dette ein konspirasjon? Mogelegvis. Og då står sikkert Uthnapishtim bak den. Her er det ingen isdekte gater truckane kan køyre på, men Ngardoksjøen husar saltvasskrokodiller, jamvel om sjøen er ferskvatn. Det er ikkje rart øybuarane kjenner seg truga. Ho har brunt hår og lys hud, kanskje også tiltrekkjande, men så var det den skumle kutta då, og det faktum at ho styrer ein konspirasjon som strekkjer seg over tid og rom.

Vi står på kanten av Ngardoksjøen, Uthnapishtim og eg. “Kva er konspirasjonen,” spør eg, og gløymer at det er saltvasskrokodiller eg bør vere redd for, ikkje pirayafisk. Ho svarar ikkje. Ein kuttekledd skipper på eit urørleg skip av stein, korall og grøne vekster, og plutseleg skjønar eg alt. Havet stig når isen smeltar, Palau er den nye arka, eller rettare sagt, ein flåte av dei, og Utnapishtim skal redde artane. Korleis styre eit skip av stein? Og klarar ho verkeleg å redde alle artane? Kva med tigeren? “Uinteressant," svarar ho og let ein rustbrun liten fugl lande på fingeren. Øybuarane kallar den melimdelebteb, og den finnast visst berre her. Palau, Eden, Lemuria – tre soger knytt saman til ein konspirasjon. Men Noah var ein mann av tru, Uthnapishtim ein rebell mot verda, det er kva som skil dei; bortsett frå kjønnet, sjølvsagt. Korleis vil det så gå med den nye arka? Og snakkar vi verkeleg om ei ny syndeflod, eller kallast det berre global oppvarming? Ting kan ha to namn eller fleire, for på engelsk kallast fuglen Palau fantail, på latin rhipidura lepida, på palauisk melimdelebteb, og vi er attende til Babels tårn og opphavet til språka. Ei straff for menneskeleg overmot, eller eit nytt monument til trøyst for det som fall?

Skremde røyster på palauisk, eit språk eg ikkje forstår. Dei kalde auga til Uthnapishtim får henne til å framstå som mystisk, utilnærmeleg, som ei heidensk gudinne frå ei daud tru. Fryktar dei å verte ofra i den nye floda? “Après moi – le déluge,” seier ho og auga hennar legg ikkje merke til dei innfødde. Det er dette som gjer dei redde, og det gjer meg redd sjølv òg. Men det er vanskeleg å drepe store flåttar på eit sølete underlag, og eg oppdagar at det var Laurence Sterne som skreiv Tristram Shandy, ikkje Umberto Eco.

Så kjem regnet. Vil det halde fram i førti dagar og førti netter?

onsdag 2. juli 2008

Draumekrøniker, del 3 - Til California

Dette er rett nok ikkje noko eg har drøymt, men ei særs fri dikting basert på to draumar frå same natta. Eg drøymde faktisk at vi i Firda-klassen skulle til California, og vi starta faktisk i Ommedal. Der var også nokre i Fantomet-kostyme. Også Tokugawa og Suleiman den mektige var på sitt vis aktørar i andre delen av draumen, men på langt nær like dominerande som eg har valt å framstille det. Følgjeleg er mykje av dette fri fantasi (også i forhold til kva som faktisk føregjekk inne i hovudet mitt den natta). Sidan eg har inkludert ein heil del element som er meir eller mindre obskure, har eg lagt til ei liste med utgreiing til slutt, slik at de betre kan sjå djupna i denne galskapen.



Så dreg vi altså til California, eg og resten av Firda-klassen. Kva skal vi der? Finne gull, sjølvsagt, slik alle andre idiotar som dreg til California vil. Vi dreg med bil frå Ommedalen og tvers over det amerikanske kontinentet – ein kjapp tur for modige menn og kvinner, og snart samlar vi skattar i utkanten av prærien. Nokre er kledde som parodiar på Fantomet. ”Spar nokre til meg!” skrik eg, medan den eine skatten etter den andre ser dagslyset for fyrste gong på kven veit kor lenge, og eg kjempar med tårene då eg ser kor mykje fint dei finn.

Så kjem tyrkarane. Janitsjarar marsjerar nedetter skråningane – jamvel om prærien ikkje har skråningar – og på akslene har dei kvar sin jezail. Alle har kvitt skjegg – jamvel om janitsjarar ikkje skal ha skjegg – og dei syng om ørner. ”Kvar er Tokugawa, den hunden? Lad kanonane og skyt Nippon i bitar!” Slik talar berre ein rasande tyrk, og det er nett det Suleiman er. Eg tykkjer mest synd i Tokugawa, men eg ser han har reist fortet sitt på toppen av åsen, klar til å ta imot det tyrkiske batteriet.

Så kjem åtaket. Hordar av ryttarsoldatar – ein grashoppesverm, ei landeplage – dundrar over prærien, medan jezail-riflene skyt i bakgrunnen. Kulene treff fåfengt murveggen og fell harmlaust til jorda, nett som sporvar, berre at kulene er det visst ingen som held rekneskap over. Tårn fell og reiser seg att, bannskap, krutsalvar og hestar – det er dette engelskmennene kallar ”the din of battle”. Kven skal eg halde med? Meg sjølv, kanskje?

Så skjer det noko. Eg veit det ikkje, men det skjer noko i regnskogen høgt over oss. Ein hårete figur observerar slagplassen, eit djevelsk smil krusar om andletet hans. Det er ikkje noko menneske, det er ein puck – ikkje ein hockeypuck, men ein fe, ein trickster, nett slik som i ”A Midsummernight’s Dream”. Forresten er han ikkje åleine, det er ein heil stamme puckar. Dei vaktar inkaskatten, og det er den eg er ute etter, eg og alle dei andre – også dei i Fantomet-drakt. Og kven skulle tru at matoppleving var ei eufemisme for magesjau?

Så verkar det for at Suleiman har fått overtaket. Nippon si blødande sol får eit tyrkisk slør om andletet, og tusen netter og ei til står i kø for å utfalde seg, jamvel om det ikkje har noko med ottomanane å gjere. Burlesk, eksotisk, erotisk. Men det er verkeleg ikkje eit land for gamle menn, og kven veit, kanskje Suleiman også vil verte kjend som Rhinometos – ”avkutta nase” – slik som i det gamle Bysants. I alle fall dansar dei vidare, kvinnene.

Så kjem Zoe Porphyrogenita. Ho vert høgdepunktet for festen, sjølv Tokugawa verkar for å vakne til liv der han sit i gullburet sitt. Gull for ein fallen keisar, purpur for ei mektig keisarinne. Yeats står attmed henne, freistar å få kunnskap frå henne, han vil skrive eit tredje dikt. ”The Emperor’s drunken soldiery are abed,” seier han, og han skjønar for seint at det er ein tabbe å snakke om keisaren til keisarinna. ”Gjev meg mine tårn attende!” skrik Tokugawa. Vil han freiste seppuku? Ikkje i eit bur av gull. Aldri i eit bur av gull. I mellomtida fortel Sheherazade om kvar av desse nettene under sola, og lystige blikk vert veksla. Det er ikkje eit land for gamle menn, vert det sagt, men kva med gamle grisar?

Så vert inkatempelet sprengt, og med det skatten. Kvar dreg puckane no? Inn i regnskogen, kanskje, eller til det vesle huset på prærien. Men Atahualpa skrik ein stad, og Robin Goodfellow siterar Shakespeare: ”Lord what fools these mortals be.” I alle tilfelle, kvar er vegen? Kvar er California? Og kvar er samanhengen?



Ordliste:

Atahualpa - Den siste keisaren av inkariket, avretta ved kvelning i 1533

Janitsjar - Tyrkisk elitesoldat

Jezail - Rifle, rett nok neppe nytta av janitsjarane

Nippon - Japansk for Japan

Porphyrogenitas - Gresk for "purpurfødde", eit tilnamn gjeve til enkelte regentar av det bysantinske riket

Puck - Fe frå europeisk mytologi

Rhinometos - Gresk for "avkutta nase", ein praksis som bysantinarane importerte for å avsetje keisarar, for keisarane av Bysants var påkrevde å ikkje ha fysiske lyter. Sjå gjerne dette i samanheng med Yeats-sitatet "That is no country for old men"

Robin Goodfellow - Puck frå Shakespearestykket "A Midsummernight's Dream"

Seppuku - Japansk sjølvmord ved å snitte opp magen med ein kniv

Sheherazade - I følgje legenda var det ho som fortalde eventyra i 1001 natt for å ikkje verte avretta av ektemannen

Suleiman - Tyrkisk sultan frå 1520 til 1566, den fyrste ottomansultanen med det namnet

Tokugawa - Eigentleg Tokugawa Ieyasu, fyrste shogun av Tokugawadynastiet. Hans regjeringsperiode var 1600-1616, shogun frå 1603

Yeats - Irsk diktar, dei verka det vert alludert til i teksten er Sailing to Byzantium ("ikkje eit land for gamle menn") og Byzantium ("The Emperor’s drunken soldiery are abed")

Zoe - Keisarinne i Bysants 1028-50

tysdag 1. juli 2008

Draumekrøniker, del 2 - Swan Swan Hummingbird

Denne novella er også ei blanding av fleire draumar - to, for å vere nokolunde nøyaktig - og eg har her valt å setje meir fokus på det springande, det uoversiktlege i draumar. Songen som vert framført - like oppdelt som samanhengen mellom draumesekvensar - er Swan Swan H av R.E.M., tittelen på novella er kva songtittelen eigentleg burde ha vore, i alle fall slik R.E.M.-bassist Mike Mills meinar det. Eg drøymde ikkje songen i sin heilskap, men eg har teke meg den fridom å setje den inn for å sprite opp forteljinga.

Swan, swan hummingbird

Det er nokon som syng.

Hurrah, we are all free now

Rytmen er litt stakkato. Eg kjenner han godt, ein gamal kamerat. Men han syng feil, det er ikkje slik det skal gjerast. Best eg tek over.

What noisy cats are we, girl and dog he bore his cross

Dette høyrest betre ut, mykje betre. Kva ville Michael Stipe ha sagt? Eg har då spelt i band med han, ein gong. Var på åttitalet, då Michael hadde litt for langt hår og brukte solbriller litt for aktivt. Vi song Don’t go back to Rockville medan Peter spelte gitar og Mike sat og småflirte med bassgitaren sin, eller gjorde han det? Jau, han var der han og, det var berre Bill som ikkje var der. Kvifor det? Bill slutta då ikkje før i, var det -97?

Swan, swan hummingbird

Men no hugsar eg feil, dette har ikkje hendt, det er berre ein gammal draum.

Kvar er eg no? Eg har vore her før, eg veit kvar det er, men er det verkeleg her eg er? Neppe. ”Ja, eg har blogg,” svarar eg. Ho smiler, seier eit eller anna, eg oppfattar kva det er, men eg hugsar det ikkje. ”Men eg er eldre enn deg,” seier eg, med trykk på ”er” for å forsikre henne om at det verkeleg er slik, og ansiktet hennar lyser opp, som om det har alt å seie at eg er eldre enn henne. Ikkje at det er sant, for eg er ikkje eldre enn henne, men kva anna skulle eg seie? Var eg klar over at eg laug då eg sa det?

Hurrah, we are all free now

”Eg treng litt hjelp,” seier ein. Eg kjenner han ikkje, ser ikkje ansiktet hans, det er gøymt bak ein hatt, eller er det ein caps?. ”Det er ein krig litt lenger oppe.” Krig? I Hyen? Kven krigar mot kven? Kva ville Michael Stipe ha gjort?

Long low time ago, people talk to me

Eg har ikkje tid, eg må køyre traktor. Treng meir grus. Men korleis styrer eg denne då? Og korleis skal eg manøvrere skikkeleg? Gjerdet er i vegen, kven har sett det opp?

Johnny Reb, what’s the prize of fans? Forty a piece or three for one dollar

Vi har quiz. Vi skal gjette kven han tenkjer på, ut frå små hint. Personar på Firda. Heile klassen er samla. Men kva gjer han her då? Han har då ingenting med Firda-klassen å gjere, han høyrer heime på Hyen kombinerte barne- og ungdomsskule. Mystisk. Eg seier eit namn, og eg har rett, seier han. Men eg veit eg har teke feil, for eg veit ikkje om nokon som heiter det i verkelegheita, namnet har eg lese i ei bok – Priseld av Rune Timberlid. Eigentleg tenkte eg på ei anna, men eg kom ikkje på namnet hennar, det likna i alle fall. ”Eg er imponert,” seier han, og ho ved sida av meg lurer på korleis eg klarte det, med ei stemme som famnar om både misunning og undring. Eg smiler og røper ikkje noko, eg kan då ikkje røpe at eg har teke feil.

Hey captain, don’t you wanna buy some bone chains and tooth picks?

”Eg er lei av dette no,” seier ho lavt og ampert til meg, men raseriet er retta mot læraren, som ikkje høyrer heime på Firda. ”No tar vi det alfabetisk,” seier han og fortel dermed at vi skal halde fram, berre på ein litt annan måte. Ho seier noko, umogeleg å høyre, men kroppsspråket fortel det som trengst, måten ho knyter nevane og legg seg over pulten på. Håret fløymer utover som ei overivrig elv etter å ha brote ei demning, like frustrert som ho sjølv.

Night wings, her hair chains

Han seier noko, men vi har for lenge sidan slutta å høyre etter.

Here’s your wooden greenback sing

Kva meir?

Wooden beams and dovetail sweep, I struck that picture a ninety times I walked that path a hundred-ninety

Vaknar eg no?

Long low time ago, people talk to me

Pistol hot cup of rhyme, the whisky is water, the water is wine

tysdag 1. mai 2007

Draumekrøniker

I nokre netter i den seinare tid har eg drøymt mykje rart. Nokre av draumane har vore så artige og/eller levande for meg, at eg har valt å skrive dei ned. Det tok litt tid før eg vart einig med meg sjølv om eg skulle legge dei ut, men til slutt kom eg fram til at eg får gjere det og heller la folk sjå litt rart på meg etterpå.

Desse draumane er gjendikta for å skape betre flyt, for draumar er springande, usamanhengande og hakkete. Følgjeleg er ikkje desse små novellene 100 prosent korrekte når det gjeld korleis draumane utvikla seg.



Del 1 - Historieeksamen


Kvifor sat vi i daglegstova heime? Eg veit ikkje, men det er heller uvesentleg. Vi sat der, det var alt som var viktig. På den grøne voksduken framfor meg låg det haugar med papir: Notat, skriftelege svar frå tidlegare kandidatar, avrivne lappar med skrift og tal på. Var det eit to-tal eg såg i ein sirkel nedst på det triangelforma lappen? Mogeleg, eg kunne uansett ikkje seie det for sikkert, eg var glad det ikkje var min. Så kom ei hand, tok tak i lappen, krølla den saman og heiv den frå seg. Lappen bomma på bordet og fall ned på golvet. ”Er du klar?” spurde han på dialekt. Men, vent litt, spurde han verkeleg om det? Eller er det berre hjernen min som trur det, fordi spørsmålet verkar logisk? Umogeleg å vite. Eg svarte, om han no verkeleg stilte spørsmålet då, at eg var klar.

Mogelegvis var det eksamen eg var opp i, eksamen i eldre historie. I alle fall var det mykje som tydde på det: Leivningane etter alle før meg, folk som hadde mislukkast, atmosfæren av gale svar, nervøsitet og sveitte. Det var ikkje nokon teikn til dei som hadde lukkast, kanskje det ikkje eksisterte nokon slike, så heile rommet bar preg av nederlag. Ganske skremmande, det sette ein betrakteleg dempar på den allereie spente stemninga. Akkurat som om eg verkeleg var opp til munnleg eksamen. Eller kanskje var det skriftleg, her er då så mange lappar. Kor var i alle tilfelle sjokoladen? Og mineralvatnet? Kor var sensor? Ja, ja, det er mindre viktig, det var ikkje der, ferdig med det.

”Når var mellomalderen?” spurte han på dialekten sin, tilbakelent i ein stol det ideelt sett ikkje burde vere mogeleg å lene seg tilbake i. Blikket mitt flakka, eg byrja å tenkje meg om. Det kom veldig an på, det fanst ei mengd svar. Byrja den i 410, då Roma fall? Nei, Roma fall då ikkje, men vart innteken av gotarhøvdingen Alarik den andre, eg måtte ikkje seie feil. 476, med oppløysinga av det Vestromerske Riket? Nei, 400, eit rundt tal, for å halde det enkelt og greitt. Kva skulle eg velje? Så fall blikket på ein lapp like ved, ein lapp med ei enkel setning skriven på engelsk. Kvifor engelsk? Ikkje visste eg, svaret var feil same kva språk det vart sagt på. ”All years attached to year 1600,” stod det på lappen. 1600. Slaget ved Sekigahara-passet, Japan, nederlaget mot Korea i 1598, Yi Sun-Shi, Age of Empires, det var uansett feil. Mellomalderen var då for lengst over på den tida, den vart offisielt avslutta i 1492 då Columbus segla til det han trudde var India og konstruerte eit alter under ein seglduk hengt opp mellom to store palmar, like i kanten mellom stranda og skogen. Omkring sat der soldatar, sjømenn, nokre karib-indianarar til høgre – nei, no hugsar eg eit bilete, ikkje kva som verkeleg hende. Mellomalderen var i alle fall ferdig, eg skulle ta til på når den byrja.

”Det kjem veldig an på,” byrja eg. ”Nokon hevdar i 410…” Historielæraren hadde skifta plass, no sat han på den andre sida av bordet, til venstre for meg. Når hadde han skifta plass? I staden for å høyre vidare på mi utgreiing om mellomalderen, bøygde han seg framover så eg såg han i profil, for no var han plutseleg rett ved sida av meg. Skjegget og håret, grått alt saman, brillene slik eg hadde sett dei mange gongar før. Han ropte: ”Du hadde rett.” Han ropte det til nokon inne på datarommet. Kven? Systera mi, kanskje? Ja, truleg, det måtte vere ho. Kva hadde dei to prata om? At eg garantert kom til å byrje med år 410?

Plutseleg kom norsklæraren min inn stovedøra. Eg kjende han att med det same. Han kom gåande med lange steg, minte litt om John Cleese i ”Ministry of Silly Walks”, men han fullførte aldri, så det vart berre på liksom. Han brukte mange steg, korleis klarte han å bruke så mange på den korte avstanden, når stega var så lange? Godt spørsmål. I handa hadde han gitaren min. Kor hadde han funne den? Dumt spørsmål, på rommet mitt, sjølvsagt. Så sette han seg ned, kalla historielæraren min for Tjugeskjegg – eller kanskje er også det berre ein illusjon, eller i beste fall noko eg finn på for å lage flyt i historia – og stira rett framfor seg. Brillene fekk han til å verke mykje større i ansiktet enn han var. Gitaren heldt han i høgre handa, heldt den om halsen om lag ved niande band, trur eg, godt plassert på låret. Eller kanskje var det tolvte band. Han gjekk kledd i dress, eller var det ei blå skjorte? Vanskeleg å seie. Eg hugsar han i dress, men det er truleg fordi eg nettopp har sett eit bilete av i dress, det var sikkert ikkje slik. Han såg ut som eit spørsmålsteikn, det er eg rimeleg sikker på. Ja, ikkje bokstaveleg altså, han hadde framleis forma som den norsklæraren han er – eller var, han er då pensjonert – men meir figurativt, metaforisk. ”Skru på fjernsynet,” trur eg han sa, eller kanskje var det berre historielæraren – som no merkeleg nok sat på den andre sida av bordet att – som av eigen fantasi bestemte seg for å slå på fjernsynet? Fjernsynet vart i alle fall slått på.

Så vakna eg.