onsdag 7. mars 2007

A la femme

I dag er det kvinnedagen, og til alle kvinner som bryr seg om denne markeringa: Gratulerer med dagen!

Ein kan spørje seg kvifor vi eigentleg treng denne markeringa, særleg i vårt samfunn der vi hevdar å ha jamstilling mellom kjønna. Kvinnene har fått stemmerett (det hende i 1913), dei er ikkje lenger heimeverande mødre, med mindre dei vel det sjølve (med forbehald) og dei aller fleste verkar for å vere samde om at kvinner ikkje er mindre verde enn menn.

Men slik er det ikkje overalt, og slik har det ikkje alltid vore. Lat meg starte med historia.

Det er ei kjend sak at kvinner har vore undertrykte i fleirfaldige tusen år, og stort sett i alle kulturar i ulik grad. I det gamle Hellas til dømes, var kvinna husmor, sex-leiketøy og annanrangs skapning. Aristoteles hevda blant anna at mannen var det primære i forplantinga, medan kvinna var det sekundære. Vidare har det i fleire samfunn vore slik at mannen har vore den leiande, og spesielt ekstremt var dette på Stillehavsøyane, der kvinner var i lengre tid utsette for ei rekkje ulike tabu, som innskrenka deira rettar. Sjølvsagt var ikkje denne haldninga like omfattande, og hjå til dømes haudenasonee-indianarane i Nord Amerika (Iroqouis om du vil) hadde til dømes kvinner ei viktig rolle i stammerådet. Også andre samfunn har vore meir eller mindre liberale på feltet, og enkelte samfunn er matriarkale, men det er fyrst i nyare tid, altså i åra etter 1800, har menn byrja å få litt meir fornuft.

Nett no driv eg og les Rosens navn av Umberto Eco, som blant anna inneheld eit parti der den unge novisa Adso von Melk, mistar svenndomen til ei fattig jente. Denne scena opnar for ein lang og omfattande diskusjon om kvinna sin posisjon i skaparverket. Boka føregår i 1327, og på den tida var kvinna ikkje gjenstand for mykje begeistring i den kristne verda, og særleg ikkje blant munkar. Sjølve den debatten er det betre at du les sjølv, for det er interessant korleis folk resonnerte om slike emner før i tida. Dette får ein også til å tenkje over kvinna si rolle i kristendommen, og eg vil tru dei fleiste, etter å ha lese evangelia, kan konkludere med at kristendommen på ingen måte framhevar kvinneundertrykking, men kjempar for likestilling.

Og når det gjeld i dag: Kvinna er framleis ikkje heilt likestilt med mannen, sjølv ikkje i vårt eige samfunn. Likevel, mest alvorleg er det Asia, Afrika og Latin-Amerika. Her har kvinnene ein lang og hard veg å gå, og vi må hjelpe dei det vi kan. Mohammed Yunus og Gramin Bank er eit døme på slik verksemd, og det er eit glitrande tiltak. Gjennom kvinnene kan verda bli ein betre stad.

Derfor, sidan vi enno ikkje lever i ei optimal verd, og sidan historia vår er så grumsete som den er, har absolutt kvinnedagen sin funksjon, om ikkje anna så for å åtvare oss om at ting enno ikkje er bra nok.

2 kommentarer:

Marièl sa...

Absolutt! For ikkje å gløyme den sterke kulturen Ghana har for kvinnelege leiarar, som til dømes Dronning Ablaa Pokou, som til og med på 1700-talet starta eit eige folkeslag, eller Liberia, med Ellen Johnson-Sirleaf som kom til makta i 2006.
Det viser seg faktisk at det i den eldre afrikanske kulturen var vanleg med kvinnelege leiarar som var likeverdige med mennene. Til dømes kunne ein ha ei "dronningmor" som hadde ansvaret for å utnemne kongen, og kunne avsetje han. Eller der det var likt styre mellom menn og kvinner, med ein leiar av kvart kjønn, der kvinna hadde makta over kvinnene, med eit eige kvinneråd! (Medan mannen hadde tilsvarande for mennene). Men so kom kolonialismen og den kvite mann og fukka opp heile systemet, ved at dei innførte ideen om at mennene var best eigna for å styre, noko mange tidlegare koloniar framleis slit med.

Ganske trist at vesten no i 2006 kjempar for å fri verda frå noko vi i vesten innførte...

Steffen sa...

Hepp

Mykje interessant informasjon som eg ikkje kjende til (med unntak av Ellen Johnson Sirleaf). Einig når det gjeld siste setning, men så har jo Vesten ganske lenge vore rimeleg hyklerske av seg.