Viser innlegg med etiketten Nesten seriøse ting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nesten seriøse ting. Vis alle innlegg

laurdag 10. mars 2007

Tankar om tid og Machiavelli

Her i vår del av verda, jobbar vi ut frå den lineære tidsoppfattinga, altså at tida har ei byrjing og ein slutt (ofte omtala som apokalypsen). Ikkje alle stader er dette like utbreitt, til dømes i det austlege Asia og spesielt innan buddhistisk og hinduistisk tenking. Der vert tida sett på som eit hjul, og hendingar gjekk i stadige syklusar. Alt som hende, hadde hendt før og ville hende igjen. Denne filosofien har også vore formulert i andre baner, og då tenkjer eg spesielt på Niccolo Machiavelli.

Machiavelli er vel mest kjend for sine samvitslause dogmer om statstyre publisert i Fyrsten, og sjølv om dei omtala dogmene offisielt ikkje vert sett på med gode auge her i vesten, så står det ikkje til å nekte at ei mengd statar har vore og er framleis ganske machiavelliske i sine handlingar. At staten har rett til, ja nærast pliktar til, å myrde, bestikke og på alle måtar sørgje for eit land sitt ve og vel, er grunntesen i Machiavelli sin filosofi.

Kva er så likskapen mellom buddhistisk tenking og Machiavelli? Jau, Machiavelli var jo så å seie statsvitar, og han la fram diverse teser og teoriar i kring det å styre ein stat. Hans samtid, Italia på 1400-talet og byrjinga av 1500-talet, var ei politisk heksegryte av intriger, og dette er viktig å hugse på når ein les Machiavelli.

For Machiavelli var tida, eller meir konkret statsutviklinga, noko som gjekk i syklusar. Aller fyrst kom monarkiet, så tyranniet, så anarkiet, og deretter byrja syklusen opp att. Dette synet er utvikla ved historiske studiar, der Machiavelli hadde lagt merke til at fyrst kom ein konge, han var ein helt og godt likt. Etterkomarane hans ville utvikle seg til å bli tyrannar, til folket ein dag gjorde opprør og innføre anarki. Deretter ville ein mann ordne opp og utrope seg til konge att, og syklusen ville byrje på nytt. Tankane til Machiavelli er særs interessante, og ein treng ikkje å setje pris på mannen for å vere einig. Sjølvsagt er dette ei generalisering, og denne bloggposten er ikkje nok for å gje eit godt grunnlag for å forstå Machiavelli, men til liks med dei fleste generaliseringar, har denne ei kjerne, eller utgangspunkt om du vil, av sanning.

Og dette er igjen ein av grunnane til mine eigne haldningar til monarkiet. Den fyrste kongen var ein helt, men etterkvart vil kongerekkja verte korrumpert av intriger og den maktsjukdomen som ei liv i vellyst og makt skapar (ta Ghana sin frigjeringshelt Kwame Nkrumah som eit døme), og følgjeleg vil folket lide under eit monarki. Tradisjonelt i alle fall. Innan det vestlege monarkiet finn ein også fleire dømer på at kongar vert marionettar, halvgalne, innavla og på mange måtar uskikka til å lede eit land. Men Machiavelli var ikkje av dette synet, for han meinte monarkiet var ein god ting. Etter kva som står å lese i Fyrsten, så var Machiavelli derimot ein motstandar av demokratiet, då han meinte at dette ville skape kaos. Og når vi ser tilbake på hans samtid, så er det ikkje noko rart at Machiavelli hadde dette synet.

Kjelder:

http://www.ctbw.com/lubman.htm

Vestens store tenkere - Trond Berg Eriksen

onsdag 7. mars 2007

A la femme

I dag er det kvinnedagen, og til alle kvinner som bryr seg om denne markeringa: Gratulerer med dagen!

Ein kan spørje seg kvifor vi eigentleg treng denne markeringa, særleg i vårt samfunn der vi hevdar å ha jamstilling mellom kjønna. Kvinnene har fått stemmerett (det hende i 1913), dei er ikkje lenger heimeverande mødre, med mindre dei vel det sjølve (med forbehald) og dei aller fleste verkar for å vere samde om at kvinner ikkje er mindre verde enn menn.

Men slik er det ikkje overalt, og slik har det ikkje alltid vore. Lat meg starte med historia.

Det er ei kjend sak at kvinner har vore undertrykte i fleirfaldige tusen år, og stort sett i alle kulturar i ulik grad. I det gamle Hellas til dømes, var kvinna husmor, sex-leiketøy og annanrangs skapning. Aristoteles hevda blant anna at mannen var det primære i forplantinga, medan kvinna var det sekundære. Vidare har det i fleire samfunn vore slik at mannen har vore den leiande, og spesielt ekstremt var dette på Stillehavsøyane, der kvinner var i lengre tid utsette for ei rekkje ulike tabu, som innskrenka deira rettar. Sjølvsagt var ikkje denne haldninga like omfattande, og hjå til dømes haudenasonee-indianarane i Nord Amerika (Iroqouis om du vil) hadde til dømes kvinner ei viktig rolle i stammerådet. Også andre samfunn har vore meir eller mindre liberale på feltet, og enkelte samfunn er matriarkale, men det er fyrst i nyare tid, altså i åra etter 1800, har menn byrja å få litt meir fornuft.

Nett no driv eg og les Rosens navn av Umberto Eco, som blant anna inneheld eit parti der den unge novisa Adso von Melk, mistar svenndomen til ei fattig jente. Denne scena opnar for ein lang og omfattande diskusjon om kvinna sin posisjon i skaparverket. Boka føregår i 1327, og på den tida var kvinna ikkje gjenstand for mykje begeistring i den kristne verda, og særleg ikkje blant munkar. Sjølve den debatten er det betre at du les sjølv, for det er interessant korleis folk resonnerte om slike emner før i tida. Dette får ein også til å tenkje over kvinna si rolle i kristendommen, og eg vil tru dei fleiste, etter å ha lese evangelia, kan konkludere med at kristendommen på ingen måte framhevar kvinneundertrykking, men kjempar for likestilling.

Og når det gjeld i dag: Kvinna er framleis ikkje heilt likestilt med mannen, sjølv ikkje i vårt eige samfunn. Likevel, mest alvorleg er det Asia, Afrika og Latin-Amerika. Her har kvinnene ein lang og hard veg å gå, og vi må hjelpe dei det vi kan. Mohammed Yunus og Gramin Bank er eit døme på slik verksemd, og det er eit glitrande tiltak. Gjennom kvinnene kan verda bli ein betre stad.

Derfor, sidan vi enno ikkje lever i ei optimal verd, og sidan historia vår er så grumsete som den er, har absolutt kvinnedagen sin funksjon, om ikkje anna så for å åtvare oss om at ting enno ikkje er bra nok.