I februar 2005 var eg på skuletur til Berlin saman med ei gruppe medelevar frå Firda Vidaregåande Skule. Forventningane var mange og store, og vi hadde sett fram til turen i fleire veker. Turen var også særs vellukka, i stor grad. Men det var ikkje alt som klaffa like godt, spesielt ikkje i matvegen.
Rekkja av tabbar byrja få timar etter at bussen hadde køyrt ut av Kiel. Etter nokre timar på autobahn stogga vi på ein MacDonalds-restaurant for å få dekkja behovet for fast føde. Personleg var eg fast bestemt på å ikkje ete mykje feit mat under opphaldet, då eg rekna med at det ikkje ville vere høve til å fjerne alle tilkomstar av feitt ved hjelp av trening. Følgjeleg bestilte eg ein salat, men for å dekkje saltbehovet mitt på same tid, tok eg ein porsjon pommes frites attåt. Med denne litt absurde kombinasjonen, sette eg meg glad og nøgd attmed nokre klassekameratar, som i sin tur gjorde store auge då dei fekk sjå kva eg hadde med meg. Dei festa seg ikkje nemneverdig med pommes frites-porsjonen, men hengde seg i staden kraftig opp i salaten. Dette var feminint, meinte dei, og eg hadde allereie eit litt frynsete rykte i så måte. Likevel, salaten var kjøpt og betalt for, så ned måtte den. Tomatane var for så vidt gode, men raudkålen og eit par udefinerbare strimlar av noko som forhåpentlegvis var grønsaker, kunne eg ha vore utan.
Etter å ha sett til livs denne merkelege miksen av salt, feitt og salat, tenkte eg at eg måtte gjere noko for å rette opp ryktet mitt. Å vere sunn var nesten eit skjellsord i denne krinsen, ingen skulle tenkje på kaloriar når dei åt. Sidan eg var lettare fortvila over at ingen ville sjå saka frå mitt synspunkt, og fordi eg ikkje var mett, bestilte eg ein slurry, som er vaniljeiskrem med nonstop i. Dessverre gjorde ikkje dette noko nemneverdig betring av situasjonen, for dei fleste valde å ignorere dette faktumet. Episoden lever i beste velgåande den dag i dag.
Den andre tabben skjedde på tysdag, dagen etter at vi reiste frå Kiel. Eg og to klassekameratar gjekk på ein tysk restaurant i hotellkomplekset til Park Inn Hotell på Alexanderplatz. Hotellkompleks er kanskje eit misvisande ord, men i tillegg til hotell var der hamburgarrestaurant, ein litt meir fasjonabel restaurant, ein elektronikkbutikk og ei ganske stor forretning for musikk, film og spel. Uansett, vi var på den litt fasjonable restauranten, og eg bestilte lasagne.
Hadde eg vore hakket smartare enn eg var (og truleg framleis er), ville eg nok betenkt meg litt på det valet. Lasagne og liknande formrettar er litt skumle, sidan dei har forholdsvis lett for å innehalde ting som ikkje er velkomne i ein menneskemage. Dette gjeld sjølvsagt ikkje berre Tyskland, også i Noreg skal ein vere forsiktige med slikt. Men eg tenkte ikkje over dette. Lasagnen kom på bordet, og var estetisk sett eit noko sørgjeleg syn. Osten var ikkje heildekkjande, og såg ikkje skikkeleg smelta ut. Inntrykket av feilvare vart forsterka av lukta, som ikkje var direkte delikat. Nettopp dette tykte ein av klassekameratane mine var verdt å nemne, og han nemnde det gjentekne gonger. Gjennom heile måltidet påpeikte han i same negative ordelag, kor lite appetittleg lukta var, noko som i sin tur reduserte mi nyting betrakteleg. For lasagnen smakte ikkje så verst, det var berre så forferdeleg vanskeleg å nyte den medan eg fekk høyre gang på gang kor den stinka.
Kva som var gale med lasagnen har eg aldri fått vite, men noko var det. Berre få timar etter middagen, byrja magen min å protestere litt mot kva eg hadde gjeve den. Etter kvart var det så gale at eg frykta for at eg ikkje ville vere i stand til å gå på R.E.M.-konserten som skulle vere same kveld. Heldigvis avslutta magen sin sivile ulydnad i god tid før konserten, og eg hadde lært ei viktig lekse.
Dagen etterpå, betrakteleg klokare enn dagen før, gjekk vi atter ein gong på den same restauranten. Tydelegvis var vi altså ikkje kloke nok, men eg bestilte i det minste ikkje lasagne. I staden ville eg prøve noko typisk tysk: Schweinebraten – eller svinesteik som vi likar å seie. Dessverre viste det seg for at heller ikkje svinesteika utsondra ei appetittleg lukt, og dette tykte klassekameraten min var viktig å fortelje eit par gongar. Igjen skal det seiast at smaken var ikkje så verst, men det var ikkje noko utprega hyggeleg måltid. Heldigvis gjekk ikkje magen til generalstreik. Vi gjekk ikkje fleire gonger på den restauranten.
Ein dag seinare, eg hugsar ikkje nøyaktig om det var torsdag eller fredag, var vi ute og gjekk i Berlin. Klassa var naturleg nok oppdelt i smågrupper etter eige ynskje, og eg gjekk med dei to som hadde vore med på restauranten. Turen gjekk etter kvart innom Europa Center, der Irish Pub ligg. Vi var tyrste, så vi gjekk inn. Personleg er eg avhaldsmann. Ikkje av den fanatiske typen som ser på drikking som ei synd, men regelrett fordi eg ikkje har behov for det. Følgjeleg ville eg ha noko alkoholfritt, som burde vere ei ganske enkel og problemfri affære sidan der var rikelege alternativ å velje mellom.
Brusen i Tyskland er søtare enn den norske, og smaken er flat og trist. Følgjeleg strauk eg alle brussortane som alternativ, og såg meg om etter noko anna. Vatn var heller ikkje eit godt alternativ, for vatnet i Tyskland smakar kjemikaliar. Derfor gjekk eg over til andre leskedrikkar, som appelsinjuice, eplesaft og liknande. Etter å ha studert utvalet nokre sekund, fekk eg ein merkeleg ide.
Som ung hadde eg spelt dataspelet backpacker, som går ut på å reise jorda rundt og ta seg diverse strøjobbar. Ein av desse strøjobbane var bartender, og gjennom dette vart eg introdusert til eksistensen av tomatjuice. Dette måtte eg prøve, tenkte den tilsynelatande ikkje heilt velfungerande hjernen min, så eg bestilte eit glas tomatjuice.
Tomatjuicen kom i eit høgt glas med sugerør, og eg vart merkbart skeptisk berre ved synet. Eg hadde eigentleg trudd at tomatjuicen var laga av safta som ligg kring tomatfrøa, men dei hadde tatt heile tomaten og knust den ettertrykkjeleg. Smaken var omtrent som ketsjup utan salt, og det var ikkje spesielt behageleg. I følgje eine kameraten min, var det tydeleg å sjå at her hadde eg gått på ein smell. Sjølv hadde han bestilt øl, medan den andre hadde bestilt brus. Men eg hadde søkt ut i periferien av kva som kan kallast normalt, og bestilt ei uangripeleg stor mengde tomatjuice. Eg prøvde etter beste evne å presse det ned, eg hadde då betalt gode pengar for dette, men det ville seg ikkje. Berre få slurkar etter gav eg opp, og bestemte meg for at eg aldri skulle bestille tomatjuice nokosinne.
søndag 18. mars 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Haha! Dette innlegget likte jeg. Veldig artig å lese. Kanskje jeg skal vise det til min tyske venninne Noomi? ;-)
Forøvrig dempet du min lyst til å besøke Tyskland, men bare litt. Det var da ikke BARE (caps lock pga ingen kursiveringsmulighet) ille der borte?
Legg inn en kommentar