fredag 23. mars 2007

Hard Way Back

Eg har i lengre tid (om lag tre månader) likna på stereotypar som den sibirske sauebonden, lofotfiskaren og Hans Wilhelm Steinfeldt. Også karakteristikken massemordar har vore lufta, men no er denne tida over. Dette er historia om the hard way back.

Det heile byrja opphavleg i september 2006 då eg fekk innkalling til heimevernet, oppmøte den 24. januar. I tillegg kjem det faktum at eg ser på barbering som noko skikkeleg pes, og følgjeleg noko eg gjer så sporadisk eg kan. Resultatet av denne konstellasjonen, vart at eg bestemte meg for å spare på ansiktshåret som kom gradvis rundt juletider og fram til 24. januar, for kvifor skulle eg stresse med barbering når dei kom til å ordne en saka i militæret? Eg hadde friskt i minne historia om ein klassekamerat frå Firda, som miste geiteskjegget sitt saman med krøllane då han byrja i hæren.

Problemet byrja for alvor hjå HV-legen på Værnes. For, som han så ganske treffande kommenterte, eg ser ikkje akkurat som ei ørn utan briller, og faktisk så dårleg at eg vart erklært tenesteudyktig. Sjølv var eg berre glad til, for eg fekk snarleg heimreise, pengar i lomma og ekstra fri. Men skjegget vart verande, og då eg kom heim klarte eg framleis ikkje å mobilisere tilstrekkjeleg entusiasme til å få det fjerna ved eiga hjelp.

Slik heldt det fram nokre veker, og elendet vart berre striare og striare, og dessutan vaks det usymmetrisk. Kommentarane let ikkje vente på seg, og eg fekk blant anna vite at eg likna på ein rektor frå Sandane, ein mann med eit skjegg det står respekt av, og personleg tykkjer eg ikkje eg når opp i hans divisjon. Betre gjekk det ikkje på ei tilstelling her heime i Hyen. Det fyrste ein kar eg møtte sa til meg, var dei nokså dekkjande orda: Ta og få av deg skjegget gut. Om det var min stae natur eller om det var andre ting inne i biletet, er ikkje godt å vite. Uansett vart det til at skjegget fekk vekse fritt og vilt, og dette fekk konsekvensar på ei anna lokal tilstelling.

Denne siste tilstellinga hadde eit betrakteleg større publikum enn den fyrstnemnde, og eg kom i kontakt med fleire sambygdingar. Blant dei var to trettenåringar som kom med ganske mange kreative forslag til korleis eg kunne fjerne skjegget. Hekksaks og ljå vart begge rekna som gode alternativ, eller eg kunne brenne det vekk. Etter kvart som eg synte min skepsis overfor desse forslaga, kom ein av dei med ein ide til kva eg kunne gjere for å pynte skjegget. Kvifor ikkje farge det rosa? Svaret seier seg vel forhåpentlegvis sjølv.

Litt seinare den kvelden, etter at dei to trettenåringane hadde brukt opp sin kreativitet, kom eg i prat med andre, som også hadde kreative, og litt meir realistiske forslag, til kva eg kunne gjere med ansiktsjungelen. Ein kar meinte til dømes at eg burde anlegge pornobart, ein bart med tverrstripe under nasa, og to parallelle hårstriper nedover haka. Også dette vart verande uprøvd.

Til slutt fekk eg nok av dette uvesenet som, slik det såg ut for meg, utgjorde ein femtedel av mitt ansiktsvolum (dette skal takast med ei bøsse salt). Eg sette derfor av onsdagskvelden til å få det fjerna, og til denne nokså omfattande operasjonen var det naudsynt med skikkeleg utstyr. Ljå og hekksaks let eg vere, noko eg framleis trur var eit riktig val, men både saks, barberhøvel og barbermaskin vart flittig brukt.

Sjølve prosessen var ei langdryg affære. Det hadde teke meg tre månader å skaffe meg skjegget, og det kjendest mest som om det tok like lang tid å fjerne det. Gradvis vart hakejungelen tynnare, og til slutt var den glatt som ein nyslått bø. Til å byrje med kjende eg meg knapt att der eg såg meg i spegelen, men til slutt vart eg overtydd om at det framleis var meg, om enn i ei voluminøst sett redusert utgåve. I skrivande stund er vegen tilbakelagt, den harde vegen, men framleis er det uvant å kjenne vårlufta strykte mot ansiktet, det kjennest så kaldt.

2 kommentarer:

bassdama sa...

Heisann:)
Hehe, eg synst faktisk ikkje tannlege er så ille. Men no skal det seiast at eg har vore der kvar veke i en månad no, så eg er begynt å bli vand med det. Dei finne ikkje ut ka som er gale, så no skal eg sendast til spesialist. Elles går det bra med meg! Eksamen om tre dagar, men reknar med det går bra! Du då? alt vel?

Steffen sa...

Oisann! Det er klart at det går rutine i det, men eg føler med deg i alle tilfelle! Om du les bloggposten Ein dag for audmjuking, vil du nok skjøne kvifor.

Kva du har eksamen i? Eg ynskjer deg i alle tilfelle maks lukke til!

Sjølv har eg det svært bra, litt småjobbing heime og veldig mykje fritid som eg fyller med litteratur og musikk. Herleg.