Dette er ei novelle eg skreiv etter ein tannlegetime, mest som terapi etter det som hende. Novella er basert heilt og fullt på sanne hendingar, men som Pilatus ein gong sa: Quid est veritas?
Sandane tannklinikk ligg i fjerde etasje i Firdakraft-bygget på Sandane. For å komme dit, kan du anten gå trappene, eller ta heisen. Eg tok heisen. Den har to dører, og når du går inn i underetasjen, er den andre døra til venstre for deg. Det er den døra som opnar seg når du har nådd den etasjen du vil, i mitt tilfelle fjerde etasje. Går du ut av heisen, ser du ein liten, kort korridor, med to skilt som fortel kven som held til her. Gloppen tannlegekontor er ikkje eitt av dei. For å finne tannlegekontoret, lyt du gå rett fram, til venstre og så ser du døra inn til venterommet. Den døra er skilta med Sandane tannklinikk, og har eit stort skjold med Sogn og Fjordane sitt emblem på. Eg har aldri hatt ei spesielt god kjensle ved dette synet, og eg hadde det heller ikkje denne dagen.
Inne på venterommet var det tomt. Ein overdimensjonert potteplante, ein leikekrok med duplo for dei yngste, ein mjuk stol og to sofaar utgjer hovuddelen av møblementet. I tillegg kjem sjølvsagt salongbordet og kassa med lesestoff, som i sin tur består av Se og Hør, Her og Nå, Kapital og liknande. Totalt uinteressant, med andre ord, og følgjeleg er det ikkje noko anna å ta seg til enn å stire ut i lufta, følgje klokka si nådelause ferd mot det avtalte tidspunktet og kjenne at nervane i den aktuelle tanna ynkar seg ved tanken på sadismen som ventar.
Så gjekk døra opp, og ein kvinneleg tannpleiar sa at det var min tur. Eg følgde etter, framleis med denne underlege, diffuse og altomfattande kjensla som berre ein tannlegetime kan gje deg. Tannpleiaren og eg kjende kvarandre, så småpraten hadde eit meir meiningsfullt innhald enn kva den elles ville ha hatt. Ho viste meg inn til tannlegen, som sat til venstre for meg då eg kom inn døra, og studerte eit tannsett på ei datamaskin; mitt tannsett. Eg sette meg ned i den velkjende stolen, stolen som eg sat i førre gong eg var her, august ein gong, og som eg ikkje kunne kombinere med hyggjelege opplevingar.
I august hadde eg fått vite at eg hadde to hol, det var desse som skulle fyllast no. Det hadde vart i det lengste å få ein ny time, så eg hadde håpa å sleppe det heilt, men for to veker sidan fekk eg innkallinga, og eg hadde inga unnskyldning for å ikkje møte opp.
Tannlegeskrekk er eit monster med mange ansikt. Det er ikkje fyrst og fremst sjølve tannlegen du fryktar; han er nøydd å gjere sitt beste for å behalde jobben og gjer han ikkje det, kan du krevje pengane attende, eller saksøke han om du skulle ha slike preferansar. Nei, frykta botnar i andre faktorar. Det er sonden du fryktar, ei frykt som grensar til hat ved tanken på den spisse enden som riv og slitt i tannervane med ein sadistisk råskap. Nokre fryktar også boret, som skal opne holet, eller hola, med ein lyd som minner altfor mykje om ei slipemaskin eller liknande sløydreiskapar. Det tredje ansiktet til tannlegeskrekken, er av finansiell art. Alle veit at å gå til tannlegen kostar dyrt; altfor dyrt, og sidan eg hadde fått vite at eg hadde to hol som skulle fyllast, kunne eg ikkje fri meg frå den grufulle tanken om kor mykje av dei surt oppsparte kronene som måtte ofrast på tannlegekunsten sitt alter. Alle desse kjenslene, denne frykta som for mitt vedkommande var eit forholdsvis ungt kjennskap, fylte meg der eg sat i tannlegestolen og venta.
Så hadde tannlegen studert tannsettet mitt nøye nok til at han var nøgd, snudde seg så mot meg og tok fram det obligatoriske brettet med diverse tannlegeutstyr som minner urovekkjande mykje om arbeidsreiskapane til ein bøddel. Deretter plasserte han den like obligatoriske lampen mot ansiktet mitt, og forsvann frå synsfeltet.
Det er ei svært bisarr oppleving å vere hjå tannlegen. Synsfeltet du har når du er i stolen, inkluderer berre hendene og armane til tannlegen, instrumentbordet og den sterke lampen som lyser så overivrig ned i ansiktet. Augo følgjer med på kva armane gjer, kva instrument dei tek opp, og så byrjar hjernen å fantasere om kva desse instrumenta vil bli brukte til. Sonden er lett å fantasere om, alle kjenner den og dei fleste hatar den på ein eller annan måte. Den spisse enden leitar seg fram til sjølv dei minste hol, pressar seg inn og byrjar å rote i nervesystemet.
I tillegg til dette, kjem audmjukingane. Ja, dei er i fleirtal, og eg skal ta dei ei for ei. Den fyrste er sjølvsagt å måtte sitte med gapande kjeft, som ein fisk på land, og registrere at eit vilt framand individ held på å rote med skumle instrument inn i kjeften din. Du har mista kontrollen over deg sjølv, du er i hendene på ein annan mann, og du kjenner deg så uendeleg hjelpelaus. Nettopp denne kjensla av å vere hjelpelaus som eit lite barn, er audmjukande. Vi vert reduserte til usjølvstendige objekt utan verdigheit, med tannsettet ope som eit vitnesbyrd over våre dårlege matvanar som skal verte studert av dette individet som du ikkje ser ansiktet på, berre armane, litt av hovudet og augo som knapt er tydelege takka vere lampen. Eg merka meg at eg hadde falda hendene, som i bøn. Reaksjonen kom heilt umedviten, og den irriterte meg. Det fekk meg til å sjå ut som om tannlegen hadde ein maskinpistol i hendene, og kravde total underkasting for at eg skulle få leve. Også dette er audmjukande, spesielt fordi det er den naturlegaste måten å oppbevare nevane, sidan hendene sin aksjonsradius er sterkt avgrensa fordi du sit i stolen. Dette berre forsterkar frustrasjonen, og når eg frå tid til annan observerte hendene mine i denne stillinga, var eg snar til å la fingrane peike utover, og på den måten bryte faldinga.
Så kom smertene. Trass i at han hadde brukt tid på å studere ein digital versjon av tannsettet mitt, måtte han bruke sonden for å leite seg fram til desse hola. Han fann fyrst det eine, og eg kjende kor nervane ynka seg. For å hjelpe han på veg, fortalde eg han så best eg kunne at han hadde funne det eine holet. Sidan kommunikasjon er svært vanskeleg med ein sonde i kjeften, lagde eg ein lyd som eg meinte ville illustrere mitt synspunkt godt nok. Lyden vart bokstaven m, artikulert med ein undertone av desperasjon. Det verka som han forstod det, for eg høyrde eit bekreftande ”ja” frå mannen eg ikkje kunne sjå. I brøkdelen av eit sekund var eg lukkeleg over at smertene ville halde opp, men ikkje før hadde eg tenkt ferdig tanken, før smertene sette i att med fornya styrke. Han hadde rett nok funne holet, men han hadde ikkje sett seg nøgd med berre eit lite pirk. Kva dette skulle tene til, kunne eg ikkje forstå. I ettertid slår det meg at det kanskje var for å bedømme holet, eller kanskje det berre var for å få utløp for ein sadistisk nerve som eg har lenge innbilt meg eksisterer i alle tannlegar.
Etter at han hadde brukt kreftene tilstrekkeleg på det venstre holet, gjekk turen over til det høgre. Her gjentok historia seg; smertene kom, etterfølgd av mitt nærast desperate varsel om at holet var lokalisert som i sin tur vart følgd av nye smerter trass i at tannlegen også denne gongen hadde bekrefta at han forstod kva eg meinte med bokstaven m. Så var han ferdig med undersøkinga.
Tannlegen fortalde meg at det venstre holet ikkje var stort nok til å bore, det skulle få utvikle seg vidare og kanskje eg, med rett tannstell, ville oppleve at holet grodde att. Var det ein tone av skuffelse i stemma hans? Hadde han sett fram til å gå berserk på tannsettet mitt med boret, for så å bli overmanna av yrkesetikken og innsett at det ikkje kunne forsvarast? Eller var han berre ein heilt ordinær, pliktoppfyllande tannlege som deduserte seg fram til denne slutninga basert på kva han hadde lært som student? Det ville eg aldri få vite, men om no fyrstnemnde var tilfelle, ville han få rikeleg høve til å utfalde seg på tanna på høgre side.
Før tannlegen gjekk laus med liv og lyst på høgre tann, smurte han fluorlakk på den venstre. Fluorlakk er ei gyllenbrun masse som liknar alarmerande mykje på sirup. Var dette ein sabotasjeaksjon for at holet skulle utvidast, slik at han kunne utøve sine kunstar i framtida? Eller var dette berre eit tilfelle? Igjen eitt av desse spørsmåla eg ikkje ville få noko svar på.
Lakken var ikkje sirup, for den utsonderte ei lukt av fluor. Etter at tannlegen hadde gjort seg ferdig med lakkeringa, tok han vekk sugeslangen, som i sin tur er ein audmjukande reiskap, og bad han meg skylje munnen. Her kom eg til den tredje audmjukinga: Då eg skulle spytte ut det smaklause vatnet, vart det naturleg nok eit spyttklyse av sikl som hadde klart å sleppe unna slevsugaren. Å sitje der og drikke munnfull på munnfull for å desperat prøve å fjerne ei spyttklyse som hengde seg fast i den abnormt tørre leppa, stod for meg som den verste audmjukinga av dei alle. Det var som å urinere i buksa på ein offentleg stad, og eg følte at verdigheita eg ein gong trudde eg hadde, forsvann ned sluket saman med spytt og smaklaust vatn.
Men då dette var overstått gleid ei kjensle av likesæle over meg. No hadde eg eksponert meg sjølv på denne audmjukande måten, då var det eitt feitt kor det gjekk vidare. Denne haldninga skulle eg raskt endre.
Nokre latar gjerne som om dei toler alt, og desse vert følgjeleg utsette for smertelege saker. Eg hadde ikkje til hensikt å forsterke pinen min, så eg takka ja til bedøving. Med utstudert presisjon fylde han sprøyta med noko som likna ei ravgul væske, putta den inn i den hardt prøva munnen min, fann tannkjøtet og spruta bedøvinga inn i veggen på munnhola. Prosessen ville ta to minutt, fortalde han, og det var to raske minutt som gjekk med til å stire ut i lufta, og atter ein gong forandre fingrane sin positur, frå faldande til peikande. Så var dei to minutta over, ifølgje tannlegen.
Boret kom fram, saman med spyttsugaren og sonden. Ein alarmerande trio som vekkjer sterke, ubehagelege minner hjå tannervane. Eg gapte igjen så høgt som eg kunne, og eg kjende dei tørre leppene sprekke, ikkje mykje, men litt. For når du ligg der i stolen og gapar som ein viljelaus tingest, vert leppene dehydrerte og sprekk når tannlegen bestemmer seg for å utvide gapet ditt. Dette har eg vore ute for før, men heldigvis var det ikkje så gale denne gongen. Då var det betrakteleg verre inne i munnen.
For nok ein gong skulle hola lokaliserast ved hjelp av den spisse sonden, og eg oppdaga til min skrekk at bedøvinga ikkje hadde byrja å fungere skikkeleg. Sondespissen rota nådelaust med tannervane mine, omtrent som ein rabiat hund blant kaninar, og bedøvinga verka ikkje. Eg vurderte sterkt å seie ifrå, men kommunikasjon var vanskeleg. Følgjeleg vart det ikkje til at eg sa noko om det, berre aksepterte stille og roleg at smertene ville eg ikkje sleppe unna.
Så kom den siste audmjukinga. Etter å ha pirka med sonden, tok tannlegen no i bruk boret. Lyden av slipemaskin fylde øyra mine, og eg kjende tydeleg, sidan bedøvinga ikkje fungerte, korleis boret skrapa mot emaljen og ramponerte tanna. Det var naudsynt, men like ubehageleg for det. Tannlegen tok no i bruk eit litt større sugeapparat i tillegg til spyttsugaren, dette for å fjerne emaljerestar som la seg i munnen. Dei emaljerestane som ikkje la seg i munnen min, spruta ut av gapet og la seg som yr på brillene. Eg såg det heile i froskeperspektiv, og det var ei bisarr oppleving å sjå sin eigen emalje, blanda med spytt, sprute ut av kjeften som ei fontene. Dette var den siste audmjukinga.
Tida eksisterte ikkje lenger. Eg var komen i ein av desse tilstandane der tid og rom bleiknar og forsvinn til fordel for ei kjensle av å bevege meg mot ein eller annan avgrunn. Dette er ei skræmande, men samstundes paralyserande kjensle og lyden av bor mot emalje var berre eit obskurt ekko heilt bakarst i hjernesystemet.
Då han endeleg heldt opp, fall tid og rom raskt på plass att, og han innleia sluttfasen i tannlegevitjinga mi med å gjere klart fyllinga. Kva han fylte holrommet i tanna mi med, fekk eg aldri med meg. Den delen eksisterer ikkje lenger i minnet mitt, men noko var det. Så var det over, raskt, smertefritt og utan fleire audmjukingar. Eg kom meg ut av stolen og stod og såg på medan han var oppteken med å finne ut kor mykje eg skulle betale. Det var tydelegvis noko som ikkje stemde, og eg vart fylt med ei kjensle av uro. Kor mykje kom summen på? Måtte eg ta meg jobb for å dekkje kostnadane? Ville eg bli nøydd til å leve på brød og vatn i veker for å tene inn att det eg måtte betale? Heldigvis ikkje, for han fann straks ut kva som var feil. Det viste seg at eg hadde betalt for den førre visitten min, 96 bloddråpar for å vere nøyaktig, og då dette var avgjort presenterte han meg for den nye rekninga.
Ein kan seie kva ein vil om sosialismen, men eg er evig takksam for at eg berre betalar kvart pris i ein alder av 19 år. Den endelege summen vart 100, mykje mindre enn om eg hadde vore eldre. Likevel, då eg gjekk ut av tannlegekontoret så raskt som eg berre kunne utan å springe, var det ikkje fritt for at eg følte meg snytt. Her hadde eg betalt gode pengar for ei tannlegeteneste eg i utgangspunktet ikkje hadde bede om, samt at eg hadde dekka utgiftene til ei bedøving som ikkje verka då den skulle, men som hadde slått inn med full kraft no då eg var komen ut døra. Med kjensla av ei opphovna munnhole gjekk eg ut av Firdakraft-bygget, ei kjensle eg håpar det vert lenge til eg får oppleve att.
onsdag 7. mars 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
FLOTT!!! Laaaang bloggpost! Heldig for meg at eg har lese den før! Padam! Kva tykkjer du om dagens helt?
FLOTT!!! Laaaang bloggpost! Heldig for meg at eg har lese den før! Padam! Kva tykkjer du om dagens helt?
Hola. Jau, dagens helt er ein retteleg helt. Eg har kommentert, og tek gjerne opp ein debatt om emnet!
Legg inn en kommentar